Mellom bratte fjell og med utsikt over Hardangerfjorden, ligg Mauranger Kro og Gjestehus. Sentralt i bygda, omringa av idyllisk natur, tilbyr vi overnatting, frukost, middag og kvelds. Rundt oss kan ein finne fantastiske turar for alle nivå og aldre, blant anna Bondhusvatnet, Fonnabu, Trolltunga og Juklavatnet.

Nærområdet

 
AG4A1393.JPG

Bondhusvatnet

Frå huset kan ein gå ein 30 minutters tur til vakre Bondhusvatnet. Det er ein enkel tur dei aller fleste kan klare. For dei som ynskjer ein meir utfordrande tur, kan ein gå videre til Fonnabu, ein tur som tar ca. 10 timer tur/retur.

trolltunga-3671760_1920.jpg

Trolltunga

Berre ein 35 minutters kjøyretur unna, starter turen til Trolltunga, ein av Noregs mest spektakulære fjellformasjoner. Turen tar mellom 8 og 12 timer og tar deg heile 1180 meter over havet. Det er også mogleg å ta buss frå oss til Tyssedal og vegen til Trolltunga.

Skjermbilde 2020-08-26 kl. 16.29.01.png

Juklavatnet

Over 1000 meter over havet, ligg Juklavatnet. Frå Mauranger Gjestehus tar turen opp hit ca. 3 timer tur/retur. Turen opp er lett og dei aller fleste kan klare den. Med utsikt over hav, fjord og storbre, er det ein fantastisk tur for heile familien.

Kontakt oss

Om du ynskjer å bestille bord eller rom, ring oss på nummeret nedenfor. Rombestilling kan også gjerast her eller via e-post.

Sundalsvegen 647
5476 Mauranger

Telefon
+47 53 48 77 57

E-post
post@maurangergjestehus.no