Turer i nærleiken
Bondhusvatnet
Turen til Bondusvatnet tar berre 30 minutter frå gjestehuset. Det er ein enkel tur som dei aller fleste klarer. Turstien er godt egna for både barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
Melderskin
Melderskin i Rosendal ligg ein kort kjøyretur unna. På ein fin dag, kan ein sjå heilt til Ulriken i Bergen frå toppen. Dette er ein krevande tur som tar ca sju timer tur/retur og som tar deg heile 1400 meter over havet.
Fonnabu
Turen til Fonnabu og Folgefonna tar ca 4-5 timer ein veg. Folgefonna er Noregs tredje største isbre og ein fantastisk oppleving for alle som liker dramatisk natur.
Juklavatnet
Turen til Juklavatnet tar ca tre timer og tar deg 1000 meter over havet. Det er ein lett tur på ca 8km totalt og ein kan trygt seie at ein får mykje valuta for pengane, turen tilbyr nemleg utsikt over alt frå storbre, hav, fjord og øyer.
Trolltunga
Berre ein 35 minutters kjøyretur frå oss, kan du byrje på turen til fantastiske Trolltunga. Trolltunga er utan tvil blant Hardangers mest kjente og mest spektakulære tur. Turen er krevande og det tilrådast å starte tidleg.
Botnabreen
Botnabreen er ein arm av Folgefonna. Turen hit tar ca. tre timer og er klassifisert som moderat krevjande og tar deg 1100 meter over havet.